Spennende Nettavis – OYVNON

0
32

OYVNON logoVi har oppdaget en spennende, lokal nettavis som heter OYVNON:

En nyhets-spreder som tør der andre tier, og som løfter ut mange byråkrati-saker det er stillhet rundt.

Vi anbefaler alle å orientere seg på OYVONs nettsider noen dager. Nettadresse https://oyvnon.com/

 

OYVNON forside

Redaktøren, Øyvind Nondal, skriver om sin nettavis:

“OYVNON er eit nettmagasin som har til føremål å driva kritisk og undersøkjande journalistikk. Det meste er retta inn mot offentleg sektor med mykje graving. Målet er å avdekke og få fram kritikkverdige og ulovlige forhold. I fleire saker nettmagasinet har sett på, finn ein ulike former for særbehandling når kommunetopper og liknande vert etterforska av politiet.
I mange av sakene vert begjæring om innsyn i dokument trenert, og enkelte saker har vore trenert i så langt tid som opptil eitt år. Dette er typisk varslingssaker i kommunar, saker som involverer tilsette i politiet som har gjort straffbare forhold, og pålegg og rapportar frå til dømes Arbeidstilsynet som kommunar forsøker unndra.
Ei sak som har vore arbeidd med ei stund omhandlar ein lensmann i Sogn og Fjordane som køyrde bil i pullerus. Tross blodprøve viste promille på 0,2 vel fem timar etter at lensmannen hadde sett seg bak rattet, vart saka henlagt.
Redaktør for magasinet Øyvind Nondal meiner at denne praksisen viser ein form for organisert korrupsjon. i Noreg er det mange småkommuner der slike «toppar» gjerne har stort kontaktnett som påverkar etterforsking og det eine og det andre.
Nettmagasinet har ei rekkje kraftige saker i artikkelbanken, og vil rulle ut fleire saker utover våren.
Nondal har tidlegare vore fylkesleiar i Piratpartiet i Sogn og Fjordane, men gjekk av i 2016. Ei sak han la fram, som vart samrøystes vedteke på landsmøtet, var å straffeforfølge korrupsjon i offentleg sektor 20 år tilbake i tid. “